Frå tøff til mjuk

16. august 2017

.anders-stjrdal-portrett

I vår vart eg og sambuaren min foreldre for første gang. Eg var overtydd om at det ikkje kom til å skje meg, men dei fleste klisjeane er i ferd med å slå til. Eg har byrja å snakka babyspråk med guten, fast avføring er eit av dagens høgdepunkt og har tidvis vore djupt inne i forskjellane mellom dei ulike babyvognmodellane.

Det eg alltid har likt best med ungar er deira ibuande og enorme fascinasjon for verda. Alt er nytt og alt skal utforskast. Dette ser eg også er tilfelle for vesle Sverre, der alt frå takplater til kosedyrelgar kan studerast lenge og inngåande.

Denne evna til undring vert med åra vesentlig svekka hos dei aller fleste, inkludert meg sjølv. Eg trur likevel at alle hadde hatt godt av å finna fram det indre barnet i seg i blant.

Nyskaping og utvikling, innovasjon, vert stadig meir moderne. Det blir forska mykje på kva som fremmer innovasjon, og både stimulerande kontorlokaler, offentleg finansiering av risiko og opne arbeidsprosessar er viktige element.

Det er likevel viktig å hugsa på at nysgjerrighet og undring er basisen for all utvikling. Utan å kunna utforska og stilla spørsmål til vedtekne sanningar, vert det ingen utvikling. Eg trur difor at det viktigaste me kan gjera for å fremma innovasjon er å gå i oss sjølve, bli meir småungar igjen og tillata oss meir grubling og fleire “dumme” spørsmål i kvardagen.

Else Michelet, trur eg, sa ein gang at ein gubbe er ein mann som har tenkt dei tankane han har tenkt å tenka.
Ikkje ver ein gubbe.

Anders Linga
Prosjektleder
[email protected]