Selskapsstyre – yeah, yeah, yeah!

Anders StjørdalDet er mange mytar rundt kva krav som vert stilt til eit styre i eit aksjeselskap og me som rådgjevarar i Proneo får ofte spørsmål om temaet.

Aksjelova er den lova som regulerer samansettinga av eit aksjeselskapsstyre og rettane og pliktene eit selskapsstyre har. For den som likar sengekos, og det gjeld vel dei fleste, kan ei kosestund med aksjelova absolutt anbefalast. Denne lova er, faktisk, enkel og lettfatteleg å lesa og du vil få svar på mange sentrale spørsmål her.

Minst like interessant som dei lovpålagte krava, er kva som utgjer eit godt styre i praksis. I utgangspunktet trengst det ikkje meir enn ein person i et aksjeselskapsstyre og det kan vera samme person som både eig selskapet, fungerer som daglig leder og er einaste styremedlem. Å ha eit styre med fleire personar, bør likevel vera eit minimum.

Styremedlemmar er i praksis billeg kjøp av kompetanse. Du må kompensera for innsatsen styremedlemmane legg ned, men dette viser seg ofte vera rimeleg samanlikna med å kjøpa tilsvarande kompetanse utanfrå.

Kva type kompetanse treng du i ditt styre? Det varierer, men det er viktig at styremedlemmane utfyller deg som gründer, eigar eller dagleg leiar, i tillegg til at dei utfyller kvarandre. Eit godt styre skal både ha kompetanse nok til å passa på selskapets økonomi og ha strategisk kompetanse til å kunne utvikla selskapet vidare.

Vår erfaring er at altfor mange bedrifter, både i etablert fase og i gründerfasen, undervurderer dei moglegheitene eit godt styre gjev. Det er fullt mogleg å driva ei bedrift godt også utan eit aktivt styre, men alle bedrifter utviklar seg positivt av å få på plass eit fungerande styre.

Korleis ein får tak i styremedlemmar er også eit tilbakevendande spørsmål, særleg for gründerbedrifter som enno ikkje har opparbeida seg eit stort profesjonelt nettverk. Nettverket eksterne aktørar i styret kan bidra med, er kanskje det viktigaste argumentet ei gründerbedrift har for å utvide styret sitt.

Vi ønskjer gjerne å bidra slik at fleire bedrifter får på plass eit godt og aktivt styre. Lurer du på korleis ditt selskapsstyre bør setjast saman eller kven som kan passa inn i styret? Kom innom og ta ein prat med oss!


Anders Linga

Prosjektleder
[email protected]