Å bli noko stort

01. august 2016

.anders-stjrdal

Som alle andre gode innvandrara, har eg etter flyttinga til Trøndelag gjort spede forsøk på å læra meg den lokale kulturen og å bli integrert i mitt nye heimsamfunn. Ein av dei praktiske konsekvensane har vore at eg har blitt introdusert for eit utal meir eller mindre gode Åge Aleksandersen-sangar. Eit av dei kvardagsfilosofiske augeblikka eg har skjønt mange trønderar trykker til sitt bryst, er Åge som i sangen Dekksgutten syng at “Få av oss kan bli kaptein, men mang kan bli nå stort”.

Kva har dette å gjera med ein blogg om næringsutvikling? Ein av dei kanskje mest interessante diskusjonane den siste tida har vore kva som eigentleg er ein gründersuksess. I offentlegheita blir ein gründersuksess ofte målt i selskapets omsetning eller ved at gründerane har fått selt bedrifta til utlandet for svært mange millionar.

For dei aller, aller fleste gründerar er dette likevel ikkje kvardagen. Kvardagen er som oftast maks 1-2 ansatte, ei usikker framtid og knallhard jobbing for å få jorda til å gå rundt. Likevel vil mange av desse gründerane ikkje nøla med å kalla seg sjølv for ein suksess. Dette skjer fordi motivasjonen deira ikkje nødvendigvis ligg i å bli rike, men i å kunna skapa seg ein arbeidsplass av noko dei brenn for.

Svært få av dei som kjem til oss med ein forretningside, oppgir “å bli rik” som sin motivasjon for å starta bedrift. Dette kan sjølvsagt vera delvis fordi slike ambisjonar fort blir uglesett i det norske samfunnet. Men likevel trur eg det skjer fordi behovet for materiell velstand i liten grad ein ei drivkraft i det norske samfunnet, folk har stort sett nok pengar uansett. Då blir andre ting, som sjølvrealisering og meiningsfulle jobbar, desto viktigare.

Det er ikkje mange gründerar, verken hos oss eller andre inkubatorar, som blir kjempesuksessar, målt i dei offisielle statistikkane. I åra framover treng Noreg fleire vekstbedrifter som evner å skapa store verdiar og arbeidsplassar, og alle inkubatorar jobbar og skal jobba med å få fram slike bedrifter. Det betyr likevel ikkje at dei andre bedriftene, dei som “berre” klarar å sysselsetta nokre få personar, ikkje er suksessar. “Å bli noko stort” kan vera så mangt og det er du sjølv som må finna ut kva det er for deg.

Anders Linga
Prosjektleder
[email protected]