Bioøkonomi – eit fancy moteord?

Anders Stjørdal PortrettDet offentlege ordskiftet er til ei kvar tid prega av moteord. Dette er ord og tema som mange nærast ukritisk slenger rundt seg utan nødvendigvis å reflektera noko meir over meininga bak orda eller kva dei eigentleg inneber.

Bioøkonomi er eit av desse moteorda ein stadig høyrer omtalt, særleg når det blir snakk om morgondagens næringsliv i Noreg. Det kan virka som om bioøkonomi tilsynelatande skal vera redninga på alt.

Kva er eigentleg bioøkonomi? Slik eg tolkar det er bioøkonomi det som menneska har halde på med i tusenvis av år, å utnytta dei fornybare, biologiske ressursane ein har tilgjengeleg på ein best mogleg måte for å skape verdiar. I den vestlige verda har dette ressursfokuset dei siste tiåra kanskje vorte litt utrendy og gammaldags, men no ser det ut som trenden har snudd igjen. Dette kjem nok truleg som ei erkjenning av at dagens konsumnivå og -mønster ikkje er bærekraftig og at me må utnytta ressursane på ein smartare måte enn me har gjort.

Dette vil truleg opna opp nye moglegheiter for fornybare sektorar som dei siste tiåra har opplevd mykje motgang i Noreg, eksempelvis trebearbeidande industri. Noreg har også store moglegheiter innanfor sjømatproduksjon, energiproduksjon og landbruk til å utnytta det auka fokuset på fornybare ressursar til å skapa arbeidsplassar og verdiskaping.

Eg trur det likevel er på tide med ei erkjenning for bedrifter og nye gründerar også innanfor alle andre sektorar, sektorar som tilsynelatande har ingenting med bioøkonomi å gjera. Ingen veit kva framtida vil bringa, men alt tyder på at bærekraft og smart utnytting av ressursar kjem til å bli stadig viktigare. Framover kjem me truleg til å oppleva ressursmangel innanfor fleire sektorar og det kjem til å bli større avgifter på negative miljøpåverknader. Dette bør alle ta omsyn til når nye forretningsmodellar og –idear skal utviklast i tida framover.

 

Anders Linga
Prosjektleder
[email protected]