Change we can believe in

06. oktober 2016

.anders-stjrdal

Ein av Proneos kjernekompetansar og eit av dei fagfelta eg har jobba aller mest med sidan oppstarten i selskapet, er omstillingsarbeid i norske lokalsamfunn etter nedleggingar av hjørnesteinsbedrifter. Dette er både krevande arbeid, sidan ein møter lokalsamfunn med store utfordringar, men også meiningsfylt, fordi det arbeidet ein gjer kan påvirka framtida til mange menneske og heile lokalsamfunn.

Det er vanskeleg å omstilla næringslivet. I praksis skal ein gå frå å ha ein stor hjørnesteinsbedrift til å få fleire, mindre private bedrifter, samtidig som antal sysselsatte helst ikkje skal gå nedover. Dette fordrar som oftast både vekst i eksisterande bedrifter og oppblomstring av nye bedrifter.

Det er ofte ikkje mykje som skal til for å skapa vekst. Altfor ofte ser ein at kommunen og lokalsamfunnet har blitt litt sløve av å ha ei hjørnesteinsbedrift i lokalmiljøet, behovet for næringsarbeid har aldri vore opplevd som spesielt viktig. Dette gjer at ein har gått glipp av utviklingsmoglegheiter ein burde ha gripe.

Å gå frå vera eit samfunn med ein enkelt stor sysselsettar til å i større grad måtta leva av fleire, men mindre bedrifter er meir enn noko anna ei mental utfordring. Dette krev smart, målretta og hard jobbing over fleire år for å få til den mentale endringa. At det lokale næringslivet og innbyggarane er motiverte for omstillingsarbeidet, er alfa og omega for eit vellukka resultat. Motivasjonen kjem både frå god nok inkludering og forankring i planleggingsfasen og å skapa synlege resultat tidlegast mogleg i omstillingsarbeidet. Det må vera lov til å prøva, og det må ikkje minst vera lov til å mislukkast. Ikkje alle næringsetableringar er like vellukka, slik vil det alltid vera, og at ein støttar heilhjerta opp om alle dei som prøver å skapa noko, kan vera eit enkelt, første steg på vegen mot eit meir variert næringsliv.

Korleis eit slikt omstillingsarbeid blir planlagt i praksis, kjem eg nok tilbake til i eit seinare blogginnlegg. Men at behovet for omstilling blir noko mindre i åra som kjem, har eg liten tru på. Uavhengig av om det lokale næringslivet går bra eller dårleg i dag, bør kommunane og lokalsamfunna prioritera næringsutvikling enda sterkare enn dei gjer i dag. Ved å ha ei for avslappa tilnærming til temaet, går ein glipp av mange moglegheiter som aldri dukkar opp igjen. Det er det dei færraste som eigentleg har råd til.

Anders Linga
Prosjektleder
[email protected]