Er julesalet redninga?

09. desember 2015

.anders-stjrdal

“Huske mor sin bønn som om det va i går: -Jesus, la julesalget frels oss i år!”

Desse linjene er det Hans Rotmo som kjem med i sangen Jul i butikken. Og for mange bedrifter, kanskje særleg innan varehandel, er førjulstida den desidert viktigaste og mest innbringande perioden av året. Om julesalet fører til frelse, får vera opp til teologane, men at det i praksis held liv i mange butikkar er det ingen tvil om.

Dei aller fleste bedrifter har periodar med meir aktivitet enn andre. For mange er det ikkje så enkelt å gjera noko med dette, folk handlar meir til jul enn elles og mykje av reiselivet har sin naturleg omsetningstopp i sommarmånadene. Uavhengig av om bedrifta di har store sesongsvingingar eller ikkje, er det fornuftig å bruka tid på å ha kontroll på likviditeten.

Likviditet er i praksis eit akademisk ord for kor mykje pengar du har på konto til ei kvar tid. Dette er svært sentralt i privatøkonomien, der saldoen på brukskontoen kanskje er det aller viktigaste økonomiske talet i kvardagen. God likviditet, altså nok pengar på brukskontoen, er minst like viktig for bedrifter som for privatpersonar.

Å vera blakk som privatperson er dyrt. Det same gjeld også for bedrifter. Alternativet til å ha pengar på konto blir ofte kassekreditt eller andre typar lån. Å fokusera på god likviditetsstyring og -rutinar, kan vera svært lønnsamt. I første omgang å få ein god oversikt over når det går pengar inn og ut, og planlegga aktiviteten ut frå dette. For mange bedrifter kan til dømes det å få enda betre rutinar på utsending av faktura og purring, vera ein enkel og effektiv måte å auka innteninga på.

God likviditetsstyring er ofte undervurdert, men svært viktig. I vår jobb med gründerar, er budsjettering og likviditetskontroll noko me prioriterer høgt i veiledninga.

Anders Linga
Prosjektleder, Proneo AS
[email protected]