Kvifor held eg på med dette?

17. juli 2017

.anders-stjrdal

Eg vart fødd i 1988. Lenge var det ein slags naturlov at det meste i verda sakte, men sikkert skulle gå framover. Det vart litt færre skumle diktatorar, færre døydde av svolt, den teknologiske utviklinga gjekk framover og Noreg kom i verdstoppen i stadig nye idrettar.

Dei siste par åra har det skjedd noko. Klimaendringane vert stadig meir reelle og alvorlege, USA har fått sin mest irrasjonelle president i nyare tid, høgreekstremismen har vore på frammarsj i mange europeiske land og frykta for ein ny verdskrig, som i mange år berre var noko som besteforeldre og foreldre hadde kjent på kroppen, blir større igjen.

Ved første augekast er det ingen tydeleg samanheng mellom alt dette og det eg held på med til dagleg – å jobba i Proneo. Samstundes meiner eg samanhengen er der. Utan å bli altfor journalistpompøs (du veit, den gjengen som på dagtid skriv om nakenbilda til c-kjendisar og på kveldstid påstår dei har ei viktig samfunnsrolle som vaktbikkje), er det etter mitt syn ein klar link mellom næringsutvikling og politisk stabilitet.

Etter andre verdskrig har Noreg vore eit politisk stabilt land. Me har også vore rimeleg skåna for den nylege oppblomstringa av høgreekstreme parti og miljø som har skjedd i mange andre europeiske land. Dette er det openbart ingen genetiske grunnar til – nordmenn er ikkje av natur mindre høgreekstreme enn andre. Etter mitt syn er hovudgrunnen at Noreg, i motsetnad til mange andre vestlege land, framleis opplever økonomisk vekst og framgang. Skilnadene mellom fattige og rike har auka dramatisk mange stader, den jamne arbeidar i land som USA og Storbritannia har ikkje hatt reallønnsauke på mange år.

I 2016 falt også reallønna i Noreg, etter årleg auke heilt sidan 1989. Den politiske stabiliteten me er vande med i Noreg kan fort forsvinna dersom stadig fleire fell utanfor arbeidslivet eller opplever å ikkje bli verdsette for den innsatsen dei gjer. For å motvirka dette er det viktig å skapa nye, lønnsame arbeidsplassar over heile landet. Dette vil vera ein føresetnad for å sikra økonomisk velstand, men også i ytste konsekvens for å motvirka politisk ustabilitet.

Det er dette som motiverer meg. Ikkje nye fancy innovasjonsteoriar eller gruppedynamiske prosessar, men det å kunna bidra (om enn i liten grad) til verdiskaping og fleire arbeidsplassar. Dette perspektivet meiner eg er viktig å ha med også i kvardagen, for det er dette me som rådgjevarar og som selskap til sjuande og sist blir målte på.

Anders Linga
[email protected]